Lurar du på noko?

Kvalitetsmat frå havet

Lending Rederi er eit familiedrive firma frå øykommunen Solund, ytst i Sognefjorden. Vi brenn for berekraftig hausting frå havet,  høg produktkvalitet og lokale arbeidsplassar. Vi driv fiskefartøyet "MS Sulebas", og det nye fartøyet vårt, "MS Sulehav".

Kva båtar har vi?

Målsettingane våre

Vi ynskjer å vere eit framtidsretta og innovativt firma, med eit stort fokus på å produsere berekraftige kvalitetsprodukt. Kvar fisk vert handsama med omsyn for at den ein dag skal ende opp på matfatet ditt, og vi strever for å stadig auke kvaliteten på produkta våre. Målet vårt er at fisk frå Lending Rederi alltid er av den høgaste kvaliteten.