top of page

Historia vår

I Solund har havet alltid vore viktig. Transportårane gjekk på havet, middagen kom frå havet og inntekta kom frå havet. I generasjonar har familiar lagt ut på havet for å hauste av rikdommane det gjev. Med bakgrunn i denne arven kjøpte brørne Magnar og Øyvind, saman med far deira Arne, sjarken Øyasund i 1991. Brørne var då 18 og 20 år gamle og var klare for hardt arbeid, vinterstormar og månadar vekke i slengen. Skreifiske i Lofoten var hovudfiskeriet, og Øyasund vart bytta ut med Vasstind etter eit år, då behovet for ein torskekvote meldte seg. Det var kalde lugarar og berre kaldt vatn om bord på både Øyasund og Vasstind.

​

Det var samstundes ikkje berre mennene i familien som bidrog. Etter 12 veker på lofotfiske med Vasstind ryktast det at haugen med skittentøy som vart levert i Ytrøy nådde opp til taket på vaskerommet. Linne Lending tok også ansvar for å halde orden på økonomien i firmaet, og er i dag dagleg leiar. Med hardt arbeid til sjøs og støttande familie og partnarar gjekk fiskeriet godt, og i 1995 vart skøyta Mogutt på 70 fot kjøpt for å kunne satse på fiske med not. Bjarte Lending, bror til Øyvind og Magnar vart då også med på laget, og dei skipa då også Lending Rederi saman med faren Arne Lending.

Bilde (24).jpg

Mogutt vart driven i tre år, og arbeidarane var gjerne vekke heimefrå i fleire månadar. Etter kvart meldte ynsket om ein ny båt seg, og jakta på eit verft som ville bygge båten starta. Familien reiste til både Finland og Portugal i jakta, men enda til slutt opp i Trøndelag, på Norrøna Verft.

 

Ved verftet hadde innkvarteringa deira togskinnene som næraste nabo, men ristande senger og seige bussturar var likevel gløymd i april 1999, då Sulehav vart levert til rederiet. På Sulehav begynte Ronny Hjønnevåg som skippar, etter å ha jobba og eigd i firmaet i fleire år, og han er i dag skippar, styremedlem og medeigar i Lending Rederi.

 

På byrjinga av 2000-talet var det fleire båtar som kom og gjekk i selskapet, og det vart erverva fleire kvoterettigheiter, samtidig som Sulehav var i full drift.  Kunnskap, ståpåvilje og risikovilligheit gjorde at selskapet fortsette å vekse, og fleire arbeidsplassar vart gradvis generert.

20190928_00004_001.jpg

I 2014 vart vår noværande båt, Sulebas, levert. Sulebas har vore i heilårsdrift sidan då, og vi ser for oss fleire år i framtida med fiske på Sulebas. I 2019 begynte vi i tillegg prosessen med å byggje ein ny båt, Sulehav, oppkalla etter det første nybygget til firmaet. MS Sulehav blei levert til oss tidleg i 2021. Vi driftar no både Sulebas og Sulehav på heiltid. Les meir om Sulebas og nye Sulehav her.

bottom of page