MS Sulebas

Sulebas i Tromsø 28.08 (36).JPG

Om båten:

MS Sulebas vart levert til oss i 2014. Skroget er bygd ved Riga Shipyard i Latvia og båten vart ferdigstilt på Solund Verft. Båten har plass til eit mannskap på 10, og fasilitetane er moderne og komfortable for mannskapet. Den vanlege ordninga for dei tilsette på Sulebas er 4 veker på sjøen, og 4 veker fri. Dette er ei ordning som fungerer godt både med tanke på effektivitet og trivsel om bord. 

Sulebas er i heilårsdrift hjå oss og er rigga for mange ulike typar fiskeri. Not og snurrevad er fiskeverktøya som hovudsakleg vert nytta, og vi fiskar både kvitfisk og pelagisk. Torsk, sei, hyse, sild og makrell er fiskeslaga vi hovudskaleg fiskar etter med Sulebas. 

Data:

Lengde:38,55m

Bredde: 9,50m

Lastekapasitet: 420 m3