MS Sulehav

Sulehav.jpg

Om båten:

Sulehav er den nyaste båten vår og blei levert tidleg 2021. Skroget er bygd ved skipsverftet Stocznia Wisła i Polen, og båten vart ferdigstilt ved Thyborøn Skibs & Motor A/S i Danmark. Båten har plass til eit mannskap på 8 personar, og fasilitetane er moderne og komfortable for mannskapet. 

Sulehav opererer med to skift, der mannskapet jobbar i turnusordning med 4 veker på sjøen, og 4 veker heime. 

Sulehav fiskar hovudsakleg etter torsk og lysing.

Båten er rigga for fiske med snurrevad, og den skal hovudsakleg fiske i Nordsjøen. Sulehav har eit stort fokus på kvalitet, og fisken skal isast i kassar for å oppnå eit best mogleg produkt. 

 

Data:

Lengde: 34,16m

Bredde: 9,50m 

Lastekapasitet: 285 m3