top of page

Historia vår

Innovasjon, pågangsmot og hardt arbeid. Dette er tre av dei viktigaste tinga som har bygd Lending Rederi. Frå selskapet vart skipa i 1995, og fram til i dag har vi alltid leitt etter nye måtar å effektivisere, vi har trudd på prosjekta våre sjølv når det har butta i mot, og det er lagt ned eit utal arbeidstimar langs heile den vêrdharde kysten vår. Vi ynskjer å skape nye arbeidsplassar, og med endå eit nybygg og andre generasjon på veg inn i firmaet ser vi lyst på framtida. Samstundes ynskjer vi å halde på kjerneverdiane våre og bygge vidare på dei. 

Heimen vår

Vi høyrer heime i Solund, og det administrative kontoret vårt ligg i Ytrøy heilt nord på øya Ytre Sula. I Solund har folk livnært seg av havet i hundrevis av år, og vi er stolte av å kunne vidareføre denne arva. 

bottom of page